Brunaurefiske i Eksingedalen Kultivert fiskeområde
Eksingedalen ligg nord i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Dalføret er om lag 48 km langt. Avstand frå Bergen ca. 100 km. Frå Voss over Nesheimsfjellet 56 km. Den kultiverte delen av Ekso ligg midt i dalen og strekkjer seg frå Flatekvalfossen i vest til fossen Vetleglupen i aust og er ca. 7 km lang. Øvre del av elvestrekninga har vekslande stryk, men også rolege parti. Nedre del har lange strekk der elva renn langsomt og er derfor best egna for båtfiske. Ekso Villfisk og den lokale fiskeforening har sidan år 2000 drive eit intensivt utfiskingsarbeid. Ved bruk av småmaska garn vert fiskebestanden tynna med ca. 12000 fisk pr. år. I tillegg til bestandstynning vert det kvart år sett ut ein del større fisk frå Ekso Villfisk sitt kultiveringsanlegg i Sødalen. Det nye kultiveringsanlegget får heilårsdrift er no teke i bruk. Frå 2008 vil anlegget ha kapasitet til årleg utsetjing av 600-800 fisk i størrelse 500-800g. Vi ynskjer å skape eit attraktivt og tilrettelagt innlands fiske som skil seg ut. Ekso villfisk har som målsetjing å gjere den kultiverte delen av Ekso til Vestlandets beste brunaureelv med særskilt vekt på flugefiske.
Tørrflugefiske på vakande fisk er dominerande i Juli og Augst, alt etter værtilhøve, vasstand, klekking og temperatur. Dette er eit spanande fiske som oftast gjev mest fisk både i antall og størrelse. Ved kjøp av fiskekort i kultiveringssona bidreg du direkte økonomisk til arbeidet som vert gjort i elva. Du får også tilgang til gratis båt om nokon av desse er ledige. Vi disponerar i dag fire båtar.Det vil i sesongen 2007 koma ein ny båt til i sone 1. Ekso Villfisk driv også med tilrettelegjing langs elva som skilting, merking av stiar, båtplassar og parkering. Kultiveringsområdet er no godt skilta med sone nr, båtplassar, og fiskekortutsalg. Hovedinfotavlene finn du ca 300 m før Flatekvalfossen og ved Nærbutikken på Lavik. Det er også tre mindre infotavler i dei enkelte soner.
Kultiveringssona er no skilt ut som eige området og har eigne reglar for fiske. Gjeldande fiskereglar finn du på infotavlene til Ekso Villfisk, og i broskjyren som du får utdelt ved kjøp av fiskekort. Vi ber alle som fiskar i kultiveringsområdet visa respekt for regelverket. Nærbutikken på Lavik er vårt hovudinfosenter. Ta kontakt med Bengt Eriksen. Her får du nyttig informasjon om fiske og rimeleg overnatting i hytte eller på Dalaståva Pensjonat.